Eg har samanlikna hovudpersonane i Gullivers reise, Robinson Crusoe og Alice i Eventyrland, og eg har samanlikna korleis dei opplever staden dei kjem til.
Gullivers reise er ei fantasiforteljing, og dei stadane han kjem til er eksotiske stadar og både menneske og dyr er fantasivesen som både er ufyselege, og mange av dei er heilt utan fornuft. Gulliver synast at mange av dei figurane han møtes er ufyselege og primitive. Forteljingane er fantasiforteljingar, men forfattaren har skreve desse forteljingane for å ironisere over sitt eige samfunn.
Robinson Crusoe er ei forteljing om ein mann som strandar på i øyde øy. Hovudpersonen har ofte opplevd ulykker, men kvar gong har han klart å kome seg på fote igjen . Når han strandar på den aude øya veit han at han må klare seg med det som er igjen frå skipet og det han finn ute i naturen. Denne forteljinga fortel om pågangsmot og korleis han gjer naturlandskapet om til eit lite kulturlandskap. Etter tjue år kjem det indianarar til øya som har med seg fangar. Robinson klarer å redde ein av fangane, og fangen blir Robinson sin trufaste ven. Sjølv om Robinson klarer å overleva på øya, angra han på at han ikkje klarte å stå imot reiselysta si.
Alice i Eventyrland er ei fantasiforteljing om ei jente som dett ned i eit hol og kjem til eit land der dei verkelege reglane ikkje gjeld. Alice møtar mange merkelege dyr og menneske. Mange har ei kjensle av at denne forteljinga er ei fantasireise bort frå strenge foreldrereglar og eit opprør mot autoritetar.
Når eg samanliknar desse tre forteljingane, er boka om Alice og boka om Gullivers reiser bøker der fantasien er viktig. I begge bøkene gjer dei opprør mot det samfunnet dei lev i ved å bruke ironi. Dei møtar mange dyr, menneske og figurar som dei opplev som merkelege skapningar. Gjennom fantasien gjer dei opprør mot det samfunnet dei lev i, og forfattarane bruka ironi for å få fram opprør mot det samfunnet dei lev i.
Boka om Robinson Crusoe skil seg ut ved at den skildrar det verkelege og korleis han må nyttiggjere seg det som er i naturen for å kunne overleve.
Likskapsteiknet for desse tre forteljingane er at kjem til ein ny stad.
Samstundes er alle tre bøkene forteljingar om det å vere reiselystne. I alle tre bøkene er dei ute og reiser.
Stine Moen Nilsen 2ID2
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar